Har du spørsmål til oss? Kom i kontakt med våre advokater

Får betalt for spisset satsing

"Innan året er omme vil Øverbø Gjørtz ha passert 30 advokatar, medrekna partnarane, og planen er å tilsette fleire i dei komande åra ifølgje Aambø." Partner/advokat og daglig leder Bjarte Aambø

Får betalt for spisset satsing

Utdrag fra artikkel skrevet av NETT.NO den 26.4.2021 Vi har hatt ein markert framgang, seier partnar og dagleg leiar, Bjarte Aambø, i advokatfirmaet Øverbø Gjørtz. Han leier det største advokatfirmaet i Møre og Romsdal, som også er eitt av dei største advokatselskapa med hovudkontor utanfor Oslo. For to år sidan la selskapet ein strategi om å gå frå å vere eit fullservice advokat-selskap, som tok alle typar oppdrag, til å spisse seg inn på færre område. Både forretningskundar og privat Selskapet skal framleis drive med forretningsjus og vekse vidare på det feltet, men for privatkundar snevrar selskapet inn satsinga mot spørsmål om fast eigedom (skjønn, oppgjersoppdrag, forbrukerentreprise, avhendingslov mv.), arbeidsrett, arv/generasjonsskifte, skatt- og avgift, tvisteløysning og prosedyre og erstatningssaker. Øverbø Gjørtz satsar og på juridiske tenester for det offentlege. Selskapet kan framleis ta andre oppdrag, men det er desse felta det vil marknadsføre seg på - og rekruttere til, ifølgje Aambø. Selskapet har auka fokus på å knytte til seg dei beste advokatane i regionen innanfor satsningsområdene og er godt i gang med dette arbeidet på alle dei fire avdelingskontora, seier Aambø.

"Innan året er omme vil Øverbø Gjørtz ha passert 30 advokatar, medrekna partnarane, og planen er å tilsette fleire i dei komande åra ifølgje Aambø." Partner/advokat og daglig leder Bjarte Aambø