Dato:
Oct 28, 2025
Tidspunkt:
18:00 - 20:00
Pris:
Gratis
Plasser totalt:
Påmelding:
Publisert: Oct 07, 2025

Stranda: Grunneigars rettar ved offentlege inngrep

Kva gjer du når kommunen, fylkeskommunen, staten, kraftselskapet eller andre offentlege instansar vil gjera inngrep på, eller ta over eigedommen din?

  • Påmeldling per e-post til event@ovgj.no. Merk påmeldingen "Stranda".

Når det kanskje fører til at du må flytte ut av heimen din fordi det skal byggjast veg eller anna der, er det unekteleg ei stor belastning. Dei som skal utføre tiltaket kan få rett til det på ulike måtar, som planbehandling etter plan- og bygningslova – og med vedtak om oreigningsløyve.

Men kva gjer du då? Og kva er rettane dine?  

Dersom bustaden din – eller fritidsbustaden – må rivast, er det normal praksis at denne blir innløyst. Det er likevel snakk om store, og for mange uoversiktlege prosessar. Samstundes er det tid- og kostnadskrevjande prosessar. Det er med andre ord viktig å ha oversikt over rettane ein har, og å kjenna til både moglegheitsrom og avgrensingar for situasjonen ein står i.  

Dette er ei svært aktuell problemstilling for fleire i Sykkylven og Stranda for tida, men også elles i fylket. Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz arrangerer difor ein temakveld der vi tek opp fleire av problemstillingane som er knytt til slike saker. Vi vil mellom anna sjå på kva ekspropriasjon inneberer, samt fastsetting av ekspropriasjonserstatning.

Foredrag ved advokatane Øystein Remme og Bjarte Aambø

Påmeldingsskjema

Takk for din påmelding! Du vil straks motta en bekreftelse på e-post. Sjekk spam om du ikke har mottatt den innen 10 minutter.
Oops! Something went wrong while submitting the form.

Kontakt oss
- vi hjelper deg

Fyll ut skjemaet, så finner vi den rette advokaten som kan hjelpe deg. Du kan også ta direkte kontakt med en av våre advokater.

Fyll ut skjemaet
Takk! Din henvendelse er mottatt, du mottar straks en bekreftelse på e-post.
Ånei, her skjedde det noe teknisk krøll! Prøv igjen eller kontakt oss på en annen måte.