Dato:
Sep 16, 2026
Tidspunkt:
08:00 - 10:00
Pris:
Gratis
Plasser totalt:
Påmelding:
Publisert: Sep 04, 2026

Frukostmøte: Kjøp og sal frå utlandet – korleis sikre bedrifta sine interesser?

Handel over landegrensene krev gode avtalar og trygge finansielle rammer. Saman med Sparebank 1 SMN vil vi deg praktisk innsikt i fallgruvene du bør unngå, og korleis du best sikrar krava dine når ting ikkje går etter planen.

Meld deg på her (Sparebank 1 SMN sitt påmeldingsskjema)
__________________

Sel du varer til utlandet, eller er du avhengig av utanlandske leverandørar? Då veit du at ting ikkje alltid går etter planen. Vi inviterer difor til ein hyggeleg og nyttig morgon på Horisont Fosnavåg, der vi gir deg svar på viktige spørsmål som:

• Kva er dei viktigaste avtalepunkta?
• Kva gjer du for å sikre krav på levering eller betaling?
• Korleis tek ein høgde for prisaukar?
• Korleis går du fram dersom du må drive inn eit krav i utlandet?

På frukostmøtet set vi søkjelys på desse problemstillingane, og fleire, gjennom konkrete og praktiske døme.

Program:

Frå Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz AS møter advokat Hallgrim Fagervold med innlegget:
«Moglegheiter og fallgruver ved handel over landegrensene»

Frå SpareBank 1 SMN møter fagansvarleg Trade Finance Anne-Barbro Nygård med innlegget:
«Korleis sikre seg ved handel med utlandet»

Praktisk informasjon:

Stad: Horisont Fosnavåg
Tid:
Onsdag 16. september kl. 08.00–10.00
Frukost frå kl. 08.00, og fagleg frå kl. 08.30
Meld deg på her (Sparebank 1 SMN sitt påmeldingsskjema)


Frukostmøtet blir arrangert i samarbeid mellom SpareBank 1 SMN og Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz AS. Vi ser fram til å møte deg og håper du vil oppleve det som både informativt og inspirerande.

Med venleg helsing,
SpareBank 1 SMN og Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz AS

Påmeldingsskjema

Ønsker du å motta nyttig informasjon og invitasjoner fra oss i fremtiden?
Takk for din påmelding! Du vil straks motta en bekreftelse på e-post. Sjekk spam om du ikke har mottatt den innen 10 minutter.
Oops! Something went wrong while submitting the form.

Kontakt oss
- vi hjelper deg

Fyll ut skjemaet, så finner vi den rette advokaten som kan hjelpe deg. Du kan også ta direkte kontakt med en av våre advokater.

Fyll ut skjemaet
Takk! Din henvendelse er mottatt, du mottar straks en bekreftelse på e-post.
Ånei, her skjedde det noe teknisk krøll! Prøv igjen eller kontakt oss på en annen måte.
Velg din bransje:*
Ønsker du å motta nyttig informasjon og invitasjoner fra oss i fremtiden?