Statsbudsjettet 2023: Konsekvensar for næringslivet

I dag, 6. oktober, legg regjeringa Støre fram statsbudsjettet for 2023. Budsjettet blir lagt fram med eit utfordrande bakteppe av krig i Ukraina og energikrise. Her heime opplever vi stigande prisar og renter, samtidig som pandemien framleis påverkar økonomien. For næringslivet sin del blir det mykje nytt å forhalde seg til, ikkje minst når det gjeld skatt og avgift. I denne artikkelen går vi raskt gjennom dei viktigaste nye grepa i statsbudsjettet.

Statsikon.svg.png

Overordna om pengebruken

Det tydelegaste finanspolitiske grepet i budsjettet er at oljepengebruken må strammast inn, for å dempe inflasjonspresset og sikre låg arbeidsløyse og høg sysselsetting. Budsjettimpulsen i statsbudsjettet er negativ, dette betyr at regjeringa ønskjer å setje på bremsene når det gjeld i kva grad den offentlege pengebruken stimulerer til auka vekst i økonomien. Slik ser vi at finanspolitikken og pengepolitikken no dreg i same retning – Norges Bank set opp rentene, og regjeringa strammar inn oljepengebruken.

Sentralbanksjefen og økonomane hadde truleg håpa på eit endå strammare budsjett for å dempe prisveksten ytterlegare. Dei politiske realitetane er nok likevel at det er vanskeleg å stramme kraftig inn pengebruken frå eitt år til eit anna. For ei regjering som kjempar i motbakke er det ei krevjande øving å dempe forventingane til alle som ønskjer seg plass til akkurat sitt tiltak og prosjekt. I tillegg aukar utgiftene til staten, på grunn av forpliktingane i folketrygda, flyktningar frå Ukraina og straumstøtte til hushaldningane.

Skatt og avgift

Når oljepengebruken blir redusert, har regjeringa to val: Å kutte i utgiftene, eller auke inntektene. For 2023 ser svaret ut til å vere litt av begge delar, men det er ingen tvil om at næringslivet vil merke skattegrepa som blir tatt. Den samla skatteauken for næringslivet er anslått til 41 mrd. kroner (bokført 2023), i tillegg aukar formuesskatten. Dei viktigaste grepa er:

  1. Grunnrenteskatt på havbruk, samt auka grunnrenteskatt på kraftprodusentane. For havbruksnæringa kjem dette på toppen av eit krevjande 2022 med skattlegging av eldre havbruksløyver og justeringar i formuesskatten. Vi ser at næringa allereie er i ferd med å tilpasse seg, og setje investeringar på vent i påvente av interne konsekvensutgreiingar. Les meir om forslaget her. 
  2. Ei ny høgprisavgift for vass- og vindkraftprodusentane.
  3. Formueskattesatsen går opp til 1 pst. i trinn 1, og verdsetjinga av aksjar og næringseigedom aukar til 80 pst. 
  4. Ekstra arbeidsgivaravgift på 5 pst. for løn over 750 000 kroner.   
  5. Auka utbytteskatt.
  6. Reduksjon i grunnavgift på mineralolje – vil gje redusert drivstoffkostnadar for bygge- og anleggsbransjen.
  7. Auka avgifter på utslepp av klimagassar. 
  8. Likebehandling av elbilar med andre bilar i firmabilskatt.
  9. Pensjonssparing for sjølvstendig næringsdrivande frå første krone. 
  10. Avvikling av redusert elavgift for datasenter og kryptoutvinning.
  11. Tilpassingar av skattereglane for petroleumssektoren, i form av reduksjon av friinntektssatsen.

Den samla oversikten over skatte- og avgiftsendringar finst i Prop. 1 LS (2022-2023).

Andre budsjettgrep

Regjeringa gjer ei lang rekkje grep i budsjettet som har betyding for enkeltpersonar og hushaldningar. Om vi her konsentrerer oss om dei tiltaka som har konsekvensar for næringslivet, kan vi trekkje fram følgjande: 

  • Ein sysselsettings- og kvalifiseringspakke for å få fleire inn i arbeid, særleg fokus på unge utanfor arbeidslivet.
  • Vidare reduksjon i ferjetakstar. 
  • Studieavgift for utanlandsstudentar utanfor EØS.
  • Kraftig auke i forsvarsbudsjettet.
  • Nye midlar til næringslivet for grøn omstilling, både FoU-midlar, eksportstøtte og kapitaltilgang.

Budsjettprosessen vidare

Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett går no til Stortinget, der jobben blir å danne fleirtal for budsjettet. Her må vi forvente at regjeringa først vil setje seg ned med SV, som allereie har varsla at dei vil forlange nye tiltak på klima og miljø. Omfordeling er òg eit tema SV har trekt fram som viktig i forhandlingane, og det kan derfor ikkje utelukkast at det vil bli fleire skatteendringar undervegs i behandlinga i Stortinget. Partiet har varsla at både person- og næringsskatten kan bli auka. 

Forhandlingane startar no i finanskomiteen, og normalt sett skal eit forhandlingsresultat vere klart innan slutten av november.  

Ta kontakt dersom du treng bistand til, eller ønskjer meir informasjon om kompetansen vår på næringsregulatoriske forhold. Her finn du kontaktinformasjon til alle våre tilsette.