Advokat
Publisert 25. april 2024
Guro Kristine Velle

Samværsavtale – til barnets beste

Ikkje reint sjeldan skjer det at idyllen brest, forholdet går i oppløysing, og partane blir samde om å flytte frå kvarandre. I dei tilfella partane har felles born under 16 år, må dei møte til mekling på familievernkontoret. Meklinga har som føremål å hjelpe foreldra å lage ei samarbeidsavtale rundt dei forholda som gjeld borna. Ei slik avtale blir gjerne kalla samværsavtale, eventuelt foreldresamarbeidsavtale.

Ei samværsavtale regulerer kven som har foreldreansvar for borna, kvar dei skal bu fast, kven som skal ha samvær med borna til kva tid, og andre praktiske ting. Desse forholda, og andre forhold som vedkjem borna, er regulert i lov om barn og foreldre (barnelova). Eit overordna prinsipp i barnelova, er at alle avgjersler som gjeld born skal vere til beste for borna. Dette kjem uttrykkeleg fram i § 48.

Når samværsavtala blir utarbeidd, skal altså fokuset vere på «barnets beste». Men kva ligg eigentleg i dette?

Å tenke på barnets beste vil først og fremst seie at foreldre må legge konfliktar og eigne interesser til side, og tenke på kva som gagnar borna mest. Sidan alle familiar er ulike, og born kan ha svært ulike behov, må det alltid gjerast ei konkret vurdering tilpassa den aktuelle familien. Viktige moment som kan spele inn i vurderinga er typisk kor gamle borna er, om nokon har spesielle behov, borna si tilknyting til foreldra, borna sitt nettverk, kvar dei går i barnehage, på skule og på fritidsaktivitetar, med vidare. 

Målet er å skape stabile, trygge og føreseielege forhold for borna. Samtidig skal avtala gjere det lettare for foreldra å samarbeide om borna, og hindre framtidige konfliktar.
paul-hanaoka-a104tlUezug-un.jpg
Barnets beste er det viktigaste omsynet i ein samværsavtale. (Illustrasjonsfoto)

Sentrale omgrep

Nokre sentrale omgrep som går att i barnelova og i samværsavtala, er foreldreansvar, fast bustad og samvær.

Den som har foreldreansvar skal ta viktige og personlege avgjersler på vegne av barnet. Foreldreansvaret omfattar mellom anna å velje barnet sitt namn, søke om pass til barnet, flytte utanlands med barnet, samtykke til planlagt medisinsk behandling, melde barnet inn eller ut av eit trussamfunn, med vidare. Utgangspunktet er at begge foreldra har foreldreansvar – og må ta slike viktige avgjersler saman.

Den barnet har fast bustad hjå, tek større avgjersler for barnet i kvardagen. Dette kan til dømes vere om barnet skal gå i barnehage og delta på fritidsaktivitetar, og kvar i landet barnet skal bu. Dersom barnet har fast bustad hjå begge foreldra, må foreldra ta desse avgjerslene saman.

Den som har samvær med barnet bestemmer daglegdagse ting under samværet. Dette kan til dømes vere kle, mat og leggetid, følgje opp skule og fritidsaktivitetar, og elles å sørgje for at barnet får god omsorg så lenge barnet er med samværsforelderen. Born har i utgangspunktet rett til samvær med begge foreldra sine, og foreldra skal difor legge til rette for dette.

Det er vanleg å evaluere samværsavtala med jamne mellomrom slik at denne til ei kvar tid er tilpassa borna sin alder og utvikling, og familiesituasjonen elles. Borna har rett til å seie si meining om det som blir avtalt, og foreldra skal legge vekt på meiningane i tråd med kor gammalt og modent barnet er.

I dei tilfella foreldra ikkje klarer å bli einige om ei avtale under meklinga, eller det seinare oppstår usemje om avtalen, kan det reisast sak for retten. 

Har du utfordringar, eller spørsmål om tema knytt til familie og samliv?
Ta kontakt med ein av våre advokatar med særskilt kompetanse på området. Vi kan hjelpe deg.  

Midt i eit samlivsbrot, med dei kjenslene dette ofte inneber, kan det å bli einige om ei avtale vere lettare sagt enn gjort. I dei tilfella foreldra ikkje klarer å bli einige om ei avtale under meklinga, eller det seinare oppstår usemje om det som er avtalt, kan foreldra ta saka inn for retten. Foreldretvist i tingretten omtaler vi i ei eiga sak.