Spesialrådgiver/advokatfullmektig
Publisert 12. mai 2022
Fredric Holen Bjørdal

Revidert nasjonalbudsjett 2022: Konsekvensar for næringslivet

Regjeringa la i dag fram sitt forslag til revidert nasjonalbudsjett (RNB) for 2022. Revideringa inneber normalt både nokre nye forslag frå regjeringa, og justering av kurs midtvegs i året. Dette er også tilfelle i 2022. Her gir vi ein oversikt over statsbudsjettet sine konsekvensar for næringslivet.

charles-deluvio-20WoowHnS5k-un02.jpg


Regjeringa trekk fram behovet for trygg økonomisk styring, og å unngå for høg offentleg pengebruk i ein situasjon med stor aktivitet i økonomien. Det er viktig for næringslivet å unngå at finanspolitikken stimulerer til for høg fart i økonomien, på grunn av risikoen for kraftige tilbakeslag seinare. Derfor er det positivt at regjeringa har funne inndekning for oljepengebruken, slik at denne vert noko lågare enn tidlegare antatt. Samtidig er det ingen tvil om at oljepengebruken samla sett er svært høg, og det kan tenkast at pengebruken kan føre til raskare renteheving enn Norges Bank har sett føre seg.

Fiskeri og havbruk

I budsjettet ligg det pengar til ei satsing på vindkraft og havbruk til havs, med ti millionar kroner til forsking på feltet. Det blir også foreslått ei ny tilskotsordning for fiskebåtar under 15 meter, på kroner 7 000 per fartøy, til å dekke kostnadar til rapporteringsutstyr.

Olje og energi

Regjeringa foreslår ei løyving på 65 millionar kroner til kartlegging av havbotnen til havvind-undersøkingar. Målet med undersøkingane er å gje informasjon om djupne og havbotn for å ha grunnlag til å velje plassering av vindkraftverka innanfor utlysingsområda. Regjeringa varslar samtidig ei kraftig satsing på havvind i åra som kjem.

Næring og handel

Overgangsordninga med midlertidig deklareringsunntak for varer med verdi under 350 kroner blir avvikla, seinast i løpet av 2023. Dette blir oppfatta som positivt for norske bedrifter og arbeidsplassar, sidan unntaket utgjer ein konkurranseulempe for norske bedrifter. Framover skal derfor varer kjøpt frå utanlandske nettbutikkar få same avgift som varer kjøpt i norske butikkar.

Skatt og avgift

Det er ikkje store endringar på skatt- og avgiftsfeltet. Vi kan merke oss at mva-fritaket for elbilar blir avvikla frå nyttår, og erstatta med ei tilskotsordning. Det er positivt at endringa ikkje skjer midtvegs i året, slik at bilbransjen og forbrukarane får tid til å omstille seg. Det vert vidare innført ei harmonisering av skattesatsen på den statlege formuesskatten, noko som vil innebere at upersonlege skattytarar får auka sats frå 0,15 prosent til 0,25 prosent. Vidare vert det varsla høyring om eit lovforslag for å hindre uheldige sider av eigedomsskatt på grunn under kraftlinjer.

Vi kan òg merke oss at naprapatar og osteopatar får utsett iverksetjing av mva-plikt til 1. januar 2023. Vidare registrerer vi at havbruksnæringa sitt krav om utsetjing av skatten på eldre havbruksløyve frå før 1998 ikkje har blitt følgt opp av regjeringa. Denne skatten held fram slik det vart skissert i statsbudsjettet før jul.

Kultur

Her er det sentralt å merkje seg at det blir sett av 46,5 millionar kroner ekstra til momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg. Det blir dermed full momskompensasjon for alle godkjente søknadar levert innan fristen før jul.

Samferdsel

Det blir gratis ferje på samband med under 100 000 passasjerar årleg. Dette vil redusere kostnadane for næringslivet langs kysten. Vidare blir det lågare eingongsavgift på drosjer som er tilpassa rullestolbrukarar.

Andre næringsregulatoriske tiltak

Det vert foreslått å endre folkeregisterlova, då det ikkje lenger er høve til å krevje at personar som er omfatta av EØS-reglane om fri bevegelse skal leggje fram EØS-registreringsbevis eller opphaldskort for å bli registrert som busett i Noreg. Vidare blir det fremja endringar i skattebetalingslova, mellom anna om frist ved klage over pålegg og tvangsmulkt.

Vi kan òg merke oss at det blir lagt grunnlag for å innføre tolltiltak mot Russland. Til slutt kan det nemnast at det blir føreslått endringar i folketrygdlova, der karensperioden for arbeidsavklaringspengar blir oppheva og det blir etablert eit nytt arbeidsretta unntak frå maksimal stønadsperiode.

Her kan du lese meir om
forslaget til revidert nasjonalbudsjett

RNB skal no til behandling i Stortinget, der regjeringspartia må forhandle, fortrinnsvis med SV, om fleirtal. Det er venta at store delar av budsjettet vil gå gjennom slik det er føreslått, men at det vil skje endringar gjennom stortingsbehandlinga. RNB skal behandlast og vedtakast i løpet av mai/juni, før Stortinget tek plenumsfri for sommaren.

Har du spørsmål om næringsregulatoriske forhold og rammevilkår? Kontakt vår advokatfullmektig Fredric Holen Bjørdal.