Les debattinnlegget om eigarstyring og styreverv i kommunale selskap
Her kan du lese debattinnlegg som advokatane Lars Erik Grødal og Fredric Holen Bjørdal har på trykk i Tidens Krav. Debattinnlegget kom på i nettutgåva 18. august.
Eigarstyring og styreverv i kommunale selskap
Lesarinnlegget er skrive av Lars Erik Grødal og Fredric Holen Bjørdal
Det er stor fridom i kommune-Noreg når det gjeld korleis ein lokalt organiserer tenester og verksemd. Ei utvikling me har sett over lang tid er at kommunestyra vel å opprette kommunale aksjeselskap eller interkommunale selskap. Det kan vere gode grunnar til å opprette slike selskap. Det er likevel ei rekkje forhold lokalpolitikarane må vere bevisste på, når kommunal verksemd hamnar på ei armlengds avstand frå kommunestyresalen.
Den sentrale forskjellen på ordinær kommunal drift og organisering i kommunale selskap er at dei lokale folkevalde ikkje lenger har den same styringa over selskapa. Dei må i staden styre gjennom ei rolle som eigar av selskapet: Kommunestyret må utarbeide ei eigarskapsmelding om føremålet med dei kommunale selskapa, og viktige prinsipp for eigarstyringa. I tillegg skal kommunen ha ein plan for eigarskapskontroll, for å forsikre seg om at dei kommunale selskapa følgjer lovar og vedtak. Den daglege drifta og forvaltninga ligg no ikkje lenger i kommuneorganisasjonen, men hos styret og dagleg leiar i det kommunale selskapet.
I mange kommunar er det vanleg praksis å utnemne folkevalde som styremedlem i slike kommunale selskap. Ikkje sjeldan skjer det at slike styreverv vert gjenstand for politisk hestehandel på valnatta. Me vil trekke fram to forhold med ein slik praksis som kan vere problematiske. For det første kan det bli spørsmål om dobbeltroller og habilitet. For det andre kan praksisen kome i konflikt med selskapet sitt behov for kompetanse.
Folkevalde er automatisk inhabile i kommunale organ når dei behandlar saker som angår kommunale selskap dei sjølve er styremedlem i. Likevel ser me ofte at det vert vanskeleg å halde styr på dei ulike rollene, styringslinjene og ansvarsfordelinga. I Tidens Krav 13. august ser me eit døme på dette, (Bårdseth, Audun. (2023, 13. august). Fra politisk nei til styrejobb for Bolgneset. TK.no)
der ein politikar i rolle som folkevald tidlegare har røysta mot noko han som styremedlem i eit kommunalt selskap tilsynelatande no arbeider for å realisere.
Den aktuelle folkevalde har ikkje gjort noko gale i saka, men det er på generell basis forståeleg at veljarane vert forvirra i slike saker.
For tilliten til politikken og eigarstyringa er det ein fordel å unngå situasjonar der éin og same person i same sak både har rolle som folkevald og skal representere innbyggjarane (veljarane), og samtidig representerer selskapet sine interesser som styremedlem i eit kommunalt selskap. Det er òg upraktisk for politisk saksbehandling om sentrale folkevalde stadig vert inhabile på grunn av dobbeltroller. Den politiske forankringa og kommunikasjonen mellom kommunestyret og selskapet kan i staden skje gjennom den formelle eigarstyringa, i eigarskapsmelding og generalforsamling/representantskap.
Eit viktig element i eigarstyringa er å sørgje for at det kommunale selskapet har eit styre som er tilpassa føremålet og verksemda. I mange styre er det rett nok behov for kompetanse om politikk og kommunikasjon. Men, det er òg nødvendig med kompetanse innan økonomi og jus, samt om marknaden og bransjen selskapet opererer i. Den norske anbefalinga om eigarstyring og selskapsleiing seier følgjande om styret si samansetjing: Styret bør sammensettes slik at det kan ivareta aksjonærfellesskapets interesser og selskapets behov for kompetanse, kapasitet og mangfold.»
Lokalpolitikk er hardt arbeid og ofte dårleg betalt. Det går an å forstå at styreverv i kommunale selskap er attraktive, det er spennande oppgåver og ofte høgare godtgjering enn i utvalsmøte i kommunen. Kan hende er det likevel betre å gjere noko med godtgjeringane og arbeidsvilkåra ein har som folkevald, og samtidig satse systematisk på rekruttering til kommunale styreverv.
Slik kan lokalpolitikarane unngå dobbeltroller, og nytte meir av tida si på den viktige eigarrolla og kontrolloppgåvene. Styra i dei kommunale selskapa kan på si side profesjonaliserast og balanserast, ikkje ut frå partipolitisk tilhøyrsel og valresultat, men ut frå kva kompetansebehov selskapet har.
Øverbø Gjørtz har advokatar som kan hjelpe ved spørsmål knytt til habilitet og eigarstyring – og generelt om forvaltningsrett og selskapsstyring. Ta kontakt.