Frokostseminar: Sikring og inndriving av pengekrav

• Onsdag, 19. juni 2019

• Kl. 0830 - 1030

• Stad: Møterom i 3. etasje i Vikegata 25, Ørsta (Ved SpareBank1 Regnskapshuset og Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz AS)

SpareBank1 Regnskapshuset og Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz registrerer at ein del verksemder, både små og store, slit med å få inn uteståande krav etter levering av varer eller tenester.

Verksemda sin likviditet, og med det grunnlaget for drift avheng av å få inn uteståande. Vår erfaring er at det ofte vert gjort meir vanskeleg enn naudsynt, og at bedriftene manglar grunnleggjande rutiner. Ein del ender opp med å selje krava til inkassofirma for godt under pålydande eller at krava i verste fall går tapt. SpareBank1 Regnskapshuset og Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz vil difor ha eit frokostseminar med tema «Sikring og inndriving av pengekrav».

Vel møtt til frukostseminar, onsdag 19. juni - kl. 08.30 - 10.30.

Det vil bli servert enkel frukost og kaffe. 

Påmelding til Espen Rekkedal på ere@ovgj.no innan 17. juni.