Advokat
Publisert 24. mai 2024
Guro Kristine Velle

Foreldretvist for retten

Midt i eit samlivsbrot, med dei kjenslene dette ofte inneber, kan det å bli einige om ei samværsavtale vere lettare sagt enn gjort. I dei tilfella foreldra ikkje klarer å bli einige om ei avtale under meklinga, eller det seinare oppstår usemje om det som er avtalt, kan foreldra ta saka inn for retten.

Ved samlivsbrot mellom foreldre som har felles born under 16 år, må foreldra møte til mekling på familievernkontoret. Føremålet med meklinga er å hjelpe foreldra å lage ei samværsavtale – også kalla foreldresamarbeidsavtale – som regulerer viktige og praktiske forhold som gjeld borna.

Når foreldra ikkje klarer å bli einige om ei avtale under meklinga, eller det seinare oppstår usemje om det som er avtalt, kan foreldra ta saka inn for retten.

Rettssak i TIngretten.jpg
For å reise sak for retten, må forelderen leggje fram ein gyldig meklingsattest. (Illustrasjonsfoto)


Barnets beste 

Ein foreldretvist kan handle om foreldreansvar, fast bustad, samvær og/eller flytting utanlands med barnet. Barnelova slår fast at «barnets beste» er eit overordna omsyn gjennom heile prosessen. Vidare seier tvistelova at partane i ein foreldretvist ikkje har fri rådigheit over saka, og at retten skal sørgje for at avgjersla er til beste for barnet. Dette betyr at det er omsynet til borna som har førsteprioritet, og inneber samtidig at retten kan overstyre og setje til side foreldra sine ynskje dersom desse ikkje er til beste for borna.

For å reise sak for retten, må forelderen leggje fram ein gyldig meklingsattest. Det vil seie at foreldra må ha møtt til mekling på eit familievernkontor, eventuelt hjå ein ekstern meklar. Som hovudregel skal saka gå for tingretten den staden der barnet har fast bustad.

Retten har fleire verkemmiddel

Før gjennomføringa av sjølve hovudforhandlinga (rettssaka), skal retten kalle inn foreldra til eitt eller fleire førebuande møter. I desse møta skal ein kartleggje kva konflikten går ut på og drøfte korleis saka skal handterast vidare. Dommaren kan også forsøke å mekle mellom foreldra, dersom saka er eigna for det.

Dommaren skal gjennom heile saka vurdere om det er mogleg for foreldra å bli einige om ei avtale (også kalla å inngå forlik), og legge til rette for dette. Som følgje av sakens natur og omsynet til barnets beste, har retten fleire verkemiddel som kan forsøkast undervegs i ein foreldretvist. Retten kan mellom anna sende partane til utanrettsleg mekling (til dømes på familievernkontoret), eller gje foreldra moglegheit til å prøve ut ei foreløpig avtale for ei viss tid dersom dei begge samtykker til det. Retten kan også gje dom i saka utan at hovudforhandlinga er gjennomført. Foreldra må i så fall samtykke til det, og saka må vere så oversiktleg og klar at retten finn det forsvarleg.

Vidare kan dommaren oppnemne ein sakkunnig, ofte ein psykolog, til å vere med i dei saksførebuande møta. Dersom foreldra samtykker til det, kan den sakkunnige ha samtalar med foreldra og borna, og gjere undersøkingar for å klarleggje forholda i saka.

Bindande

Undervegs i saka kan ein part be om at retten fattar ei foreløpig avgjersle om foreldreansvar, flytting utanlands med barnet, fast bustad og samvær. Dersom det er særleg behov for ei rask avgjersle i saka, kan retten også fatte ei foreløpig avgjersle før saka har starta i tingretten.

Avtala som er fastsett i dom er bindande etter at ankefristen har gått ut. Foreldra kan likevel seinare gjere endringar i avtala dersom dei er einige om det. Dersom foreldra blir ueinige om den fastsette avtala, kan saka takast for retten på nytt.

Har du spørsmål knytt til samlivsbrot, og/eller andre utfordringar knytt til familie og samliv?  Ta kontakt med ein av våre advokatar med særskilt kompetanse på området. Vi kan hjelpe deg.